Velkommen til Arna vidaregåande skule
Hopp over meny

Ein populær skule

Arna Yrkesskule gjer det bra i den tøffe konkurransen om elevane. Skulen har ein oppgang på over 10% frå 2008 til 2009 i antall søkjarar.

Vi har satsa på å driva god marknadsføring, blant anna via ungdomsskulefaget "Programfag til val", samtidig som vi har fokusert på å skapa trivsel både i klasserom og kantina. Vi meiner å sjå gode resultat i form av mindre fråvær, auka trivsel og betre karakterar hos elevane, seier rektor Magne Wiik. På skulen er det først og fremst avdeling for helse og sosial som skil seg ut. Denne linja har dei siste åra hatt ein nedgang i talet på søkjarar. hos Arna Yrkesskule er det 35 primærsøkjarar til 30 plassar, medan skulen i likskap med Osterøy har fått fleire søkjarar på teknikk og industriell produksjon.

Det er færre søkjarar til byggfag i heile Hordaland og eg trur mange av dei som ville søkt denne linja no søkjer teknikk og industriell produksjon i staden. Tendensane i søkjartala har nok ein klar samanheng med utviklinga i arbeidsmarknaden, seier Wiik, som legg til at skulen ikkje har opplevd nedgang i talet på søkjarar til restaurant- og matfag, slik ein har opplevd andre stadar.

"Frå Bygdanytt 20.03.09"

Bergen maritime 18,8%
Fana Gymnas 17,2%
Osterøy videregåande skole 10,8%
Arna Yrkesskule 10,3%
Os videregående skole 6,2%
Fusa videregående skole 3,7%
Lønborg videregående skole 3,7%
Knarvik videregående skole 3,5%
Tertnes videregående skole 2,6%
Laksevåg videregående skole 1,6%
Olsvikåsen videregående skole 1,4%
Sandsli videregående skole 1,3%
Sotra videregående skole -1,6%
Sotra videregående skole (Sund) -2,1%
Langhaugen -2,4%
Bjørgvin videregående skole -2,8%
Åsane videregående skole -3,1%
Bergen katedral skole -3,2%
Tanks videregående skole -4,8%
Slåtthaug videregående skole -6,4%
Fyllingsdalen videregående skole -6,5%
Austrheim -7,9%
Bergen handelsgym -8,3%
Garnes videregående skole -9,2%
Askøy videregående skole -9,2%
Os gymnas -12,0%
Årstad videregående skole -12,2%
Stend videregående skole -12,6%
U.Pihl videregående skole -13,6%

Tabellen viser prosentvis endring av søkere fra 2008 til 2009 ved
skolene i bergensregionen.